Om oss

Stryn Handel

Ei av dei store oppgåvene som Stryn Handel har hatt gjennom mange år har vore drift og vedlikehald av julegata. Opning av julegata og julehandelen med organisering av program, marknadsføring og gjennomføring.

Vi har også dei siste åra etablert og drifta vår eiga nettside. Dette for at vi skal vere lettare tilgjengeleg og synleg for kundane og medlemmene våre.

Stryn Handel ynskjer å påverke handels- og serviceverksemdene til nyttig samarbeid som er til det beste for våre kunder. Eit godt samarbeid vil alltid kome kunden til gode, og vi vil alltid ha kunden i fokus.

Ynskjer du å bli medlem?
Ta kontakt med oss og få informasjon på strynhandel@gmail.com eller du kan melde deg inn her: Klikk her for skjema!

Visjon

Vi skal bidra til å skape dei gode handelsopplevingane.

Misjon

Stryn Handel skal vere sentral i arbeidet med å skape god trivsel og miljø for dei som driv Handel og Service i Stryn med hovudvekt på Stryn sentrum. Foreininga skal vere pådrivar og tilretteleggar for kunderetta aktivitetar som er med på å gjere Stryn til eit attraktivt handelssentrum i Nordfjord. Vi skal aktivt vere med på at våre kundar skal trivast og kjenna seg velkomen til handelsstaden Stryn og få dei gode handelsopplevingane

Historie

Stryn Handel vart stifta i 1936 då under namnet Stryn Landhandlerlag.
Den gong hadde foreininga medlemmer frå heile Stryn kommune. Foreininga vart seinare kalla Stryn Handelsstand og var den som etablerte Sommarglade Stryn med stort karneval. Det var foreininga som stod bak arrangement som julegate og av Strynemessa.

Vi er høyringsinstans i samband med handels- og serviceretta saker overfor Stryn Kommune.

Vi snakkar med våre kollegaer, ikkje om.